Adresse: Edgar Hatlem
6958 Sørbøvåg
Telefon: 90103762
Email: post@smilden.no

Ramsløkpuree.

Ramsløk (allium ursinum) er ei viltveksande kystplante i Norge. Den smakar som kvitløk, og har same naturmedisinske effektar som kvitløk. Ein haustar dei grøne blada av planta og tilset salt og olje for å konservere den. Det grøne i blada (klorofyllen) gjer at det ikkje luktar av ein person som har ete ramsløk. Prøv den i smør eller smelteost. 1/2 ss til 1/2 kg smør, eller etter smak, bruk det på ein biff. Litt puree på spaghettien når du har pølse og spaghetti.