Adresse: Edgar Hatlem
6958 Sørbøvåg
Telefon: 90103762
Email: post@smilden.no

Salver

laga av produkt frå naturen, tufta på gamle oppskrifter.

Forkjølelsessalve.

Smør salva under nasa, når nasa er tett. Opnar opp så du kan puste gjennom nasa. Salva er sterk så bruk berre litt. Få ikkje i auga. Motverkar sår og irritert hud rundt nasa, når du er forkjøla.
Innhald:
bivoks, lanolin (ullfett), olivenolje, mentol, eukaluptus og kamferolje.

Ringblomstsalve.

Ringblomstsalve kan brukast mot raud og irritert hud og småsår. Calendula offisinales (ringblomst) er ei gamal medisinplante som har vore brukt i århundrer som sårhelande middel.
Innhald:
lanolin (ullfett), mandelolje ringblomst tinktur.

Timiansalve.

Salva vert nytta til å mjuke opp sårskorpa, og til disinfeksjon av småsår. Timian inneheld stoffet tymol, som er eit kraftig bakteriedrepande stoff, som ikkje er giftig for kroppen. Honning har i forsøk vist seg å ha sårhelande verknad
Innhald:
bivoks, mandelolje, lanolin (ullfett), honning og timianolje. I eldre tider har honning vore nytta som sårhelande middel.

Myggel (myggsjele), feittfri.

Det vert tilsett citronelleolje som er eit plante uttrekk. Lukta av citronelleoljen held mygg på avstand.
Innhald:
vatn, carragen, sitronelleolje og glyserin.